Kulturprisen vert delt ut kvart fjerde år av Lærdal kommune. Prisen kan delast ut til personar eller organisasjonar med tilknyting til Lærdal som gjer, eller har gjort, eit framifrå og trufast arbeid i lokalt eller nasjonalt kulturliv. Innbyggjarane i kommunen blir inviterte til å komma med grunngjevne, skriftlege forslag til kandidatar.
Forslag til kandidat med grunngjeving kan sendast til post@laerdal.kommune.no innan 15. april 2023.