Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vere allsidige, interessante og knytt opp mot drift og vedlikehald av kommunen sine grøntområde, parkar, vegar, eigedomar, og tekniske anlegg. Den som vert tilsett vil og delta i kommunalteknisk beredskapsvakt, samt gjera teneste i brannvernet, dersom det ligg til rette for dette.
Krav til utdanning og tidlegare røynsle:
Me søkjer etter personar med fagbrev og/eller allsidig røynsle frå drift og vedlikehald av eit eller fleire av fagområde, som nemnt over. Søkjar må ha førarkort for bil og traktoraskinførarbevis er ønskjeleg.
Me søkjer etter deg med personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og stå på vilje!
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Vere serviceinnstilt og like å jobbe i team
- Vere fleksibel og kunne jobbe sjølvstendig med allsidige oppgåver
Sjå fullstendig stillingsutlysing her