Felles Landbrukskontor ÅLA har på oppdrag frå dei tre kommunane utarbeida landbruksplan med handlingsplan for åra 2023, 2024 og 2025.
Planen vart godkjend i kommunane sine kommunestyre på møta i februar.

Planen er no klar til bruk. Den vil vera viktig for utvikling og vidare drift av landbrukseigedomane i dei tre kommunane, og for landbrukskontoret sitt arbeid med landbruksforvaltning.

Dei som ynskjer å søkje om midlar, må å merka seg fylgjande:
➢ta kontakt med næringsapparatet i kommunen før du sender inn søknad – landbrukskontoret eller næringsrådgjevar
➢det skal vera aktiv drift på landbrukseigedomen og søkjar skal ha rett på produksjonstillegg
➢tiltak som krev løyve/godkjenning frå offentlege myndigheiter, må ligga føre, før søknad om støtte vert handsama
➢dei tre kommunane har ulike rutinar og søknadsfristar for handsaming av søknadar

Lukka til med det viktige arbeidet med matproduksjon, som vert gjort på landbrukseigedomane i ÅLA!

Felles Landbrukskontor ÅLA