Sogn Næring og Lærdal kommune inviterar til Lunsj med påfyll, ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Neste lunsj med påfyll vert 16. februar kl.11.30-12.15 i kontorlokala på Villakssenteret der næringsrådgjevaren i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne vil orientere om prosjektet som skal bidra til å skape næring av det me kastar.
Lunsj med påfyll: Kan me skape næring av det me kastar?
Ja! seier næringsrådgjevar i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne. Saman med Resirkula skal me utvikle eit konsept for ombruk.