Rett og god gjødsling er eit viktig tema for god agronomi og produksjon av mat. På denne fagdagen vert det fokus på regelverk for bruk av husdyrgjødsel, som no er under revisjon, det vert gode råd om gjødsling og me skal på gardsbesøk for å sjå praktisk bruk av husdyrgjødsel.
Først vert det servert pizza steikt i steinovn i Fjelly på Borgund, medan me får nokre innlegg. Etterpå tek me turen til Torfinn Skårheim, for å få sjå gjødselkjellaren hans i den nye driftsbygningen. Kanskje vert det litt live musikk på oss og i Fjelly 😉
Innlegg:
- Statsforvaltar - Martin Søgnen
- Norsk landbruksrådgiving – Marit Henjum Halsnes
- To bedrifter som fortel om to verktøy (Dreng og Sprøyte Journal) som er under utvikling og som dei ynskjer kan vere til hjelp for bønder. Les meir om dette under
Påmeldingsfrist innan 29. mai 2024 på e-post: beate.stolen@laerdal.kommune.no
Sei ifrå om eventuelt mat-allergiar.
Dersom de ynskjer å sjå inne i fjøsen til Torfinn, er det viktig at de tek med eingongsdress og overtrekk til sko. Sei ifrå om de ikkje har dette, so tek me med frå landbrukskontoret.
Dreng:
Dreng er ei nystarta bedrift som har som mål å gjere det lettare for bønder og avløysarar å finne kvarandre og å planlegge fri og arbeid. Vi kjem på besøk for å fortelle om første utkast av løysinga, og for å starte ein dialog om korleis den kan bli enda betre. Det vil vere mogleg å registrere seg som interessent for å få oppdateringar om framdrifta til Dreng.
Sprøyte Journal:
Sprøyte Journal hjelper bønder å oppnå en enklere, tryggere og mer effektiv hverdag ved å gi bønder tilgang til doseringsforhold, sikkerhetsdatablad, varelager og strømlinjeforme journalføring av sprøytemiddel.
Dei ynskjer å kome i kontakt med bønder som kan vere med å teste løysinga gratis og gi tilbakemeldingar på produktet.
Arrangør er Felles landbrukskontor ÅLA