For å sikre ei breiast mogleg vurdering før kommunen leverer sitt samla innspel til Statens vegvesen, er me avhengige av innspel og medverknad både i og utanfor kommunen.
Næringslivet i Lærdal vert difor invitert til eit eige møte med dette som tema onsdag 18. januar kl. 18.00 i Kultursalen på Villakssenteret.
Kommunen vil på møtet informere om kva me veit så langt om prosessen og framdriftsplan, og korleis kommunen engasjerer seg i utgreiingsarbeidet og oppgraderinga elles.
I møtet vil det vere nokre førebudde innlegg i starten, etter dette er ordet fritt.
Alle innspel som kjem fram på møtet vil verta notert og oppsummert av kommunen. Det vil og verta mogleg å spela inn skriftlege innspel til kommunen, som då skal sendast til post@laerdal.kommune.no innan 20. januar 2023.
Under følgjer nokre eksempel på spørsmål som di verksemd kan ta stilling til ved utformingen av eit innspel. Lista er ikkje uttømmande:
- Kva stengingsalternativ vil råke di verksemd mest, og kvifor?
- Kva avbøtande tiltak vil råke di verksemd mest/minst, og kvifor?
- Kva for praktiske og økonomiske konsekvensar (talfest gjerne dette så langt det let seg gjere) har dei ulike alternativa for stenging for di verksemd?
- Har du forslag til andre avbøtande tiltak som kan passe for di verksemd?
- På kva område vert verksemda di råka mest av stenging? Gjeld det når verksemda skal få leveransar, levere frå seg ferdige produkt etc.
Me veit at dette er eit tema som engasjerer, og vonar at mange har høve til å stille på møtet.
Dersom nokon ynskjer å halde innlegg på møtet kan de ta kontakt med næringsrådgjevar Ingeborg Lysne, mobil 90 27 47 82, epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no