- Det er eit lite industrieventyr som startar att i Lærdal no, og det mest naturlege då er at næringsministeren kjem for å opna. Han vil nok fortelja noko om at det går an å få til næringsutvikling i bygde-Noreg, seier lærdalsordførar Audun Mo, som har stått i bresjen for å få det heile i stand. 

Tysdag 13. juni kjem altså næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til Lærdal. Som kjent har produksjonen til nyetablerte Infraplast på Grandane vore i gang ei stund, men dette blir den offisielle opninga, og den skjer klokka 14.

- Det blir ikkje snorklipping, me skal saga av eit plastrøyr. Og me håpar så mange som mogleg vil koma, seier Mo.

Ope møte

Neste punkt på programmet er besøk på Sogn Frukt og Grønt på Håbakken. 

- For me har også Noregs største grøntpakkeri visa fram, seier Mo.

Vestre er kjent som ein entusiastisk og talefør statsråd, og han avsluttar lærdalsturen med ope møte i kultursalen KLOKKA 17.

- Der også håpar me så mange som mogleg vil koma, seier Mo.

Dette er programmet under ministerbesøket som er ope for alle som vil delta:

Kl. 1400 - 1500     Opning av Infraplast 

Kl 1500 - 1600      Besøk på Sogn Frukt og Grønt

Kl 1700 - 1900      Ope møte i kultursalen