No er våren komen for alvor, og det feirar me med ei rekkje arrangement neste helg - “Lyse dagar i Lærdal”.
Allereie torsdag 20.april startar det med “Sirkulære Sogn” - eit heildagsprogram i kultursalen der mange spennande innleiarar kjem for å snakka. Det vil handla om alt frå korleis kapp kan bli til kubbegolv, eit ombruksprosjekt som er i gang i Lærdal, og om landbruksplast kan gå i loop.
Både fredag 21.april og laurdag 22.april på kvelden får du alle godbitane frå den lange musikkhistoria til Fox og Longhorn i showteltet på Lærdal ferie- og fritidspark. Åtte mann er på scena når showet “Frå Rock & Roll til Country - Ei musikalsk reise gjennom 55 år” går av stabelen over desse to kveldane.
Laurdag på dagtid er det dessutan ei rekkje spennande ting som går føre seg i sentrum - gratis frukost til alle i Rådhusparken, opning av den spenstige satsinga “drive in-room” på Lærdalsøren motor hotell og det blir biltreff. Dessutan har butikkane gode tilbod, det er Bornas kulturhusdag på kulturhuset, barneteater same stad og loppemarknad i Frilund ungdomshus.
Søndag går det tradisjonsrike Lærdalsløpet av stabelen og loppemarknaden held fram - sjekk ut fullstendig program for “Lyse dagar i Lærdal” her:
Torsdag 20. april
- kl. 10.00 Sirkulære Sogn – fagdag om sirkulær økonomi. Lærdal kulturhus
Fredag 21. april
- kl. 16.00 After work-sauna, ved Auga badstove (tid må bestillast på førehand)
- kl. 16.00 Så eit frø! Lær dyrking av ekspertane. Minikurs ved Felleskjøpet og Sognasmak, Håbakken
- kl. 19.00 Frå Rock & Roll til Country - Ei musikalsk reise gjennom 55 år. Fox & Longhorn. Lærdal ferie- og fritidspark
Laurdag 22. april
- kl. 10.00 Butikkane opnar med mange gode tilbod
- kl. 10.00 Motorikkparken opnar
- kl. 11.00 Frukost i Rådhusparken med Coop, Kiwi og andre lokale leverandørar
- kl. 11.00 Bornas kulturhusdag. Lærdal kulturhus vert fylt med aktivitetar for heile familien.
- kl. 11.00 Drop-in-badstove ved Auga, Grandane
- kl. 11.00 Prøv ein kajakk! Bulder & brak byr på gratis prøvetur med kajakk, ved Auga badstove
- kl. 12.00 Loppemarknad. Frilund ungdomshus
- kl. 12.00 Så eit frø! Lær dyrking av ekspertane. Minikurs ved Felleskjøpet og Sognasmak, Håbakken
- kl. 12.00 Cars & coffee, biltreff ved Lærdalsøren motor hotel
- kl. 13.00 Opning og snorklypping av Drive-in-rom ved Lærdalsøren motor hotel
- kl. 13.00 Så eit frø! Minikurs for born i dyrking ved Felleskjøpet og Sognasmak, Håbakken (påmelding før fredag kl. 18.00)
- kl. 14.00 Barneteater: Trollet utan hjarte. Lærdal kultursal
- kl. 19.00 Frå Rock & Roll til Country - Ei musikalsk reise gjennom 55 år. Fox & Longhorn. Lærdal ferie- og fritidspark
Søndag 23. april
- kl. 10.30 Lærdalsløpet (fellesstart på tid kl. 12.00), Lærdalsøyri skule
- kl. 12.00 Loppemarknad. Frilund ungdomshus
Med atterhald om endringar.