– Sjåførane får mykje skryt og maten blir levert varm, fersk og god frå ein glad og hyggeleg kjøkken gjeng på Lærdal bu- og omsorgsheim, seier Anne Kristin Evensen, leiar for Lærdal frivilligsentral.
Tidlegare var det heimesjukepleia som stod for all utkøyring av middag til brukarane av tenesta, men no er det inngått eit samarbeid med frivilligsentralen og deira bodbil. Ordninga starta frå nyttår av, og inneber altså at frivillige køyrer ut middagane.
– Det er fem sjåførar som vekslar på å køyra dei ulike rutene, i tillegg køyrer me litt sjølve. Det er også med ein passasjer i bilen som gjerne er i jobbtrening eller språktrening, forklarar Ann Kristin Mo – ho styrer bodbiltenesta.
– Me gjer gjerne litt andre ting for dei også - hentar post, ber ved, skiftar lyspærer - slike ting. Og me pratar med dei, for me har litt tid, og det set dei pris på, legg ho til.
Etter behov
Ordninga er behovsprøvd, så ein kan søkja om tenesta matombringing med utgangspunkt i sin eigen situasjon.
– Ein treng ikkje vera tilknytt heimesjukepleien for å nytta tilbodet, det kan vera ulike ting som gjer at ein har behov for det. Altså blir dei ulike søknadane vurderte etter den einskilde sin situasjon, seier Evensen.
Kjøkenet ved Lærdal bu- og omsorgsheim er kjent for å tilby næringsrik og variert mat, som både smakar godt og ser innbydande ut. Dei har også ein målsetnad om å nytta lokale råvarer når det er sesong for det, og har difor avtale med lokale bønder om leveranse.
– For mange eldre har det derfor vore eit kjærkome tilbod å kunne kjøpa middag frå heimen. Så kan det vera ekstra kjekt å få besøk av nokon «utanfor tenesta» også – dei frivillige som no driftar ombringinga har ofte litt betre tid til å kunne slå av ein prat. For heimesjukepleien er dette gull verdt, dei får frigitt tid som dei kan nytta til andre oppgåver, som å laga til medisindosettar til brukarane, seier einingsleiar for pleie og omsorg, Toril Tørvi Grøthe.
– Sjåførane får veldig gode attenemeldingar på maten. Og dei har jo stort fokus på kvaliteten på maten ved kjøkenet på heimen. Det ligg eit stort arbeid bak dette; alt blir pakka rett til dei ulike brukarane i høve til dømes allergiar og kven som skal ha kva. Det er imponerande å sjå. Så me har eit svært godt samarbeid med heimesjukepleia – og viss sjåførane merkar noko unormalt hjå nokon, seier dei frå, legg Evensen til.
– Vinn-vinn-situasjon
Matombringinga går føre seg slik at dei ulike som nyttar tenesta får middagar i ulikt omfang – nokre får mange dagar i veka, nokre får færre, så rutene dei frivillige sjåførane køyrer er ulike.
– Det er ein vinn-vinn situasjon for alle. Me får aktivitetar til våre folk, så dei gjer ein nyttig jobb som igjen fører til at heimesjukepleia får frigjort ressursar – men me erstattar ikkje heimesjukepleia på nokon måte. Maten kjem likevel kjappare ut når våre sjåførar køyrer den, så middagen er jo meir eller mindre glovarm når den kjem fram, seier Evensen.
Kommunedirektør Gunn Lerøy let også vel over den nye ordninga.
– Eg er veldig nøgd med det me har fått i gang her. Det fører til eit ekstra besøk i heimen hjå brukarane, høgare kvalitet på maten og samstundes betre utnytting av faglege ressursar. Dette er eit viktig steg for at eldre kan bu heime lenger. Me ønskjer også å utvida ordninga på sikt.
Mellom anna at bodbiltenesta kan køyra ut daglegvarer frå Borgund nærbutikk til folk som har behov for det.
– Og viss nokon kan tenkja seg å bidra som sjåførar, så kan dei melda seg. Me nyttar ikkje privatbilar i ombringinga, det er heimesjukepleia sine bilar som blir nytta, forklarar Evensen.