“Ein stor dag for Lærdal, Vestland, vestlandet, Noreg og heile verda”.
Variantar av den setninga vart sagt av på lag alle som hadde helsingar under opninga av Nasjonalt villakssenter.
For - etter tre sesongar der villakssenteret har vore stengt - delvis på grunn av ombygging, delvis på grunn av koronapandemi - vart altså Nasjonalt villakssenter i Lærdal opna torsdag 15. juni.
Stortingspolitikarar
Ein ting er at eit nytt, moderne villakssenter er på plass og ope i seg sjølv; i nasjonalt og internasjonalt perspektiv er Nasjonalt villakssenter viktig fordi stiftinga skal bidra til gode levevilkår for atlantisk villaks i framtida. Arten er raudlista, og Noreg med sin om lag halve million villaks står for ein tredel av all atlantisk villaks.
Difor trengst slike villakssenter som i Lærdal, påpeikte fleire av dei som hadde helsingar under opninga - fordi det bidreg til at folk flest får kunnskap om og forståing for korleis det står til med villaksen, og kvifor det er som det er.
Og fordi Nasjonalt villakssenter altså tek mål av seg å byggja bru mellom ulike aktørar som har ulike interesser som påverkar villaksen - elveeigarar, fiskarar, krafprodusentar og oppdrettsnæring, til dømes - vart stiftinga karakterisert som håpet for atlantisk villaks si framtid blant talarane.
Dei var det mange av, mellom anna stortingsrepresentantane Ove Trellevik (H) og Ola Elvestuen (V) - sistnemnde var langt på veg arkitekt for danninga av Nasjonalt villakssenter, i tida som klima- og miljøminister i Solbergregjeringa. Så hadde Jostein Skurdal, styreleiar i Nasjonalt villakssenter, med seg helsing frå sjølvaste Kong Harald. Kongen skreiv mellom anna om at han tok sin første laks i Lærdalselvi i 1953, for 70 år sidan. Og sjølvsagt at Lærdalselvi var hans “andre dronning”.
Film og utstillingar
Sjølve opninga vart utført på motsett vis av den tradisjonelle snorklippinga - nemnde Skurdal heldt enden av ein stump fiskesene og statssekretær i Klima- og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad (Sp) heldt enden av ein annan stump fiskesene. Så knytte dagleg leiar i Nasjonalt villakssenter, Alf Olsen jr., senene saman med ein svært godt innøvd fiskeknute. Dette for å understreka rolla stiftinga har som brubyggjar.
Vidare fekk dei mange frammøtte - både bygdefolk og personar som har hatt ulike rollar opp mot villakssenteret og Lærdalselvi - sjå ein ny film i kinosalen. Der spelar Olsen jr. sjølv hovudrolla i form av å visa fram Lærdalselvi og fortelja om hans og familien sitt nære forhold til den og laksen.
Deretter opna sjølve senteret, og folk gjekk rundt og titta på dei ulike iaugefallande og informative utstillingane.