Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som driv med grunnundersøkingar for å kartlegga permeabilitet og stabilitet i grunnen. Denne kartlegginga er ein del av arbeidet med å flaumsikra Lærdalsøyri. Det vil bli bora frå Grandane og opp på Eri.
Grunnundersøkingane vert utførde ved å bora tynne stålstenger med ein borespiss ned i bakken, her blir det brukt ein beltegåande borerigg. I 11 av borepunkta vert det etablert røyr for å måla grunnvasstanden. Desse lokalitetane vil få eit røyr som stikk opp om lag 1,5 m over terrenget, slik som på biletet. Så vil det bli montert måleinstrument for å måla grunnvasstanden over tid.
Røyr over bakken vert fjerna når prosjektet er ferdig.