- Midtpunktet er framleis laksane i observatoriet, men me tek i bruk nye verkemiddel i formidlinga. Store bilete, film, interaktive skjermar og store projiseringar for å skape ei stemning og ei oppleving, seier Alf Olsen jr., dagleg leiar i Nasjonalt villakssenter.
I 2019 vart det bestemt å revitalisera villakssenteret. Det innebar å byggja nye, moderne utstillingar, så innhaldet er i stor grad heilt nytt.
På same tida vart stiftinga Nasjonalt villakssenter etablert. Dette er ein nasjonal organisasjon, i motsetnad til Norsk villakssenter - som eigde det “gamle" villakssenteret og var ei lokal eining i Lærdal.
- Før var oppgåva kunnskapsformidling – no er oppgåva også å vere brubyggjar over dei mange interessekonfliktene knytt til laksen og leveområda hans. Visjonen vår er Villaks – felles arv – felles ansvar, målet er ein sterkare villaks. I formidlinga er born og unge vår primærmålgruppe, seier Olsen jr.
Helsing frå Kongen
Ombygginga har teke tid, i tillegg kom koronaen og kompliserte prosessen. Difor har villakssenteret vore stengt dei siste somrane, men torsdag 15. juni opnar altså Nasjonalt villakssenter i Lærdal.
- Det er ei offisiell opning klokka 14.00 for inviterte som melder seg på. Me har fått ei personleg helsing frå Kong Harald til opninga. Frå klokka 15.30 er det gratis tilgang for alle, fortel Olsen jr.
Du kan lesa meir om det nye senteret i Lærdal og sjå heile programmet for opninga ved å klikka her.
- Nasjonalt villakssenter er i større grad eit fagorgan med ei grunnfinansiering frå staten i botnen enn eit besøkssenter. Me har også ein driftsmodell der me samarbeider med eigedomsselskapet, Norway’s best, kommunen og elveeigarlaget, forklarar Olsen jr.
- No er Lærdal ein av fire einingar og me har heile landet som arena og nedslagsfelt. Utgangspunktet for formidlinga er den same – laksen og laksefiskane, deira liv, korleis det står til og korleis framtida kan sjå ut, held han fram.
Elvi, dalen og menneska
Tematisk er utstillinga i senteret delt i tre bolkar – om laksen og livet hans (biologien) – om laksen i naturen (økologien) og om laksen og mennesket (kulturen, tradisjonane, forvaltninga). Utviklinga i Lærdal blir brukt som eit døme på korleis det står til og korleis utviklinga har vore for laksen. Senteret i Lærdal har Vestlandet som primært nedslagsfelt.
- Me trekkjer fram elvi, dalen og menneska som har vore knytt til ulike sider av laksefisket i Lærdal. Frå grunneigaren, tenestefolk på overnattingsstadene, fiskarane og fangsten, klepparen - og flugebinding. Det vil vere mange lokale som kjenner att eldre slektningar, familie eller seg sjølv, seier Olsen jr.
- Kjennest godt
Dei besøkande får også vera med ein tur med drone opp elva – og dei kan sjå den gamle laksefilmen om dei ønskjer det. Det er eit speakers-corner der ulike meiningar om laksen og kva som må til for å ta vare på laksen for framtida, kjem tydeleg fram.
- Me flytter mest mogleg over på digitale flater slik at det kan brukast på alle avdelingar etter behov.
- Korleis blir det for dykk i Nasjonalt villakssenter å opna senteret no, etter mange sesongar med stengt senter og ombygging?
- Det vert godt å opne senteret etter så mange år med stengte dørar og dårleg tilbod. Det har vore mange humpar på vegen, men no er me der. Ein milepål er passert for Nasjonalt villakssenter og særskilt avdelinga i Lærdal. Det me gjer i Lærdal er grunnmuren for formidlinga på nasjonalt nivå. No er grunnmuren på plass, men har ein solid plattform for vidare utvikling, kan ta vidare steg og fokusere meir på brubygging. Det kjennest godt.