Utanfor Coop Extra Lærdal blir leikeplassen no vesentleg rusta opp - til glede for dei mindre.
Men fordi det nye dekket er limt, må leikeplassen under ingen omstende nyttast dei næraste dagane. Dette fordi limet må tørka og setja seg - viss leikeplassen blir brukt før den faktisk er klar til bruk, kan det føra til store skader på både sjølve leikeklassen og klede og sko.
Det blir sett opp sperreband fram til leikeplassen kan brukast - desse må altså respekterast.