Mange i Lærdal kjenner Lars frå den tida han leia Indre Sogn Sparebank si avdeling i Lærdal. Han har høgare utdanning innan økonomi og marknadsføring, og han har i mesteparten av yrkeskarriera si hatt ulike leiande stillingar i Indre Sogn Sparebank/Sogn Sparebank. Lars er busett i Naddvik, men kjem opprinneleg frå Lier kommune utanfor Drammen. Lars jobbar for tida i ei engasjementstilling i Sparebanken Sogn og Fjordane der han har vore tilsett sidan 2021. Han vil tiltre stillinga som økonomisjef etter nærare avtale.
Ny økonomisjef i Lærdal kommune
Lars Grenager (49) er tilsett som ny økonomisjef i Lærdal kommune