For å søkje om tilskot må du fylle ut eit standard søknadsskjema innan 12. januar 2023.
Søknadskjema og meir informasjon finn du ved å trykkje her.
Som følgje av høge straumprisar vart det sett av ei ramme på 3 mill kr. retta mot næringslivet i Lærdal. Delar av ramma vart fordelt av formannskapet i møte 11.11.2022. Kommunestyret vedtok i møte 14.12.2022 å lyse ut resten av løyvinga til eingongsstøtteordning for straum til næringslivet i perioden f.o.m. april 2022 t.o.m. september 2022. Føremålet med ordninga er å lette på situasjonen for næringslivet som er i ei utfordrande tid grunna auka utgifter på fleire områder.
For å søkje om tilskot må du fylle ut eit standard søknadsskjema innan 12. januar 2023.
Søknadskjema og meir informasjon finn du ved å trykkje her.