Fondet skal framleis primært nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Lærdal kommune. 

Dei nye vedtektene for næring- og konsesjonsavgiftsfondet har og innarbeida lånevilkår og rentesatsar og ein modell for utbetaling, i staden for fem som det har vore tidlegare. Søknadane vert handsama tre gonger i året innafor budsjettramma. Budsjettramma for fondet skal vedtakast før jul kvart år. Søknadsfristane er 1. januar, 1. april og 1. september. 

Dersom du ynskjer å søkje om tilskot frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet, eller har spørsmål til dei nye vedtektene kan du ta kontakt med næringsrådgjevar i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne, mobil: 90 27 47 82 eller epost: ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no