For å kunne nytta seg av den fleksible ordninga må ein oppfylle følgande krav:
- I husstand med to føresette – begge må ha ein jobbsituasjon der arbeidsgivar ikkje har moglegheit til å gi fleksibel arbeidstid
- I husstand der føresett er eineforsørgjar – må denne ha ein jobbsituasjon der arbeidsgivar ikkje har moglegheit til å gi fleksibel arbeidstid
Det må søkjast per e-post til styrar/einingsleiar i den aktuelle barnehagen dersom ein skal nytte seg av ordninga - sjå kontaktinfo på sidene for barnehagane.
Ein må i søknaden levera dokumentasjon frå arbeidsgjevar på at det ikkje er mogleg å leggja til rette for levering etter kl. 07.00 om morgonen, eller henting før kl. 16.15 på ettermiddagen i høve arbeidstid/turnus einskilddagar, faste dagar, periodar osv.
Det er ikkje naudsynt å søkja om fleksibiltet til einingsleiar/styrar kvar gong, berre første gong. Etter dette vert det opna for påmelding i appen Mykid for det einskilde barnet. På grunn av endringar i dei tilsette sin turnus må ein melda seg på innan 16 dagar før den aktuelle dagen ein treng fleksibilitet.
Ved særskilte høve der arbeidsgjevar på kort tid endrar turnus, vil ein kunne ta i mot påmelding med kortare frist. Dette må dokumenterast av arbeidsgjevar.
Dei nye opningstidene gjeld frå nytt barnehageår – frå 15.08.2023