Torsdag kveld opna strekninga mellom Lærdalsøyri og Erdal, fredag morgon opna også den siste strekninga til Vindedalen. Fylkesveg 5627 er såleis ope “som normalt” att, men med noko redusert framkome dei komande dagane på grunn av oppryddingsarbeid.
Vegen inn Raasdalen til skytebana i Øyri og vidare opp til Kvevatnet og Lærdal statsalmenning er framleis stengt og det er uklart når den vil opna att. Lærdal kommune har vore i kontakt med Forsvarsbygg om dette, men me veit enno ikkje sikkert når vegen blir ferdigrydda.