For å utføre oppgåva som tilsynsperson bør du vere ein som born/ungdom får tillit til, og som er bevisst at du skal ha ei uavhengig og upartisk rolle i høve barneverntenesta og fosterheimen.
Du skal fylje opp born/ungdom, og ha ein kontrollfunksjon med at fosterheim gjev tilfredsstillande omsorg og at føresetnadene for plassering vert følgd opp.

Du bør vere over 20 år og kunne levere ein tilfredsstillande politiattest. Det er eit føremonn om du har erfaring med barn og unge, og me ynskjer at du skal kunne utføre oppdraget over tid.
For meir info om tilsynspersonsordninga kan du lese her: tilsyn_barn_fosterhjem_veileder.pdf (bufdir.no)

Rammer for oppdraget:

Det skal gjennomførast minimum fire besøk per år. Det vert sett av fire timar kvar gong som skal inkludere skriving av rapport og køyring. I nokre tilfelle kan det bli aktuelt med fleire enn fire besøk.

Vilkår:

Du vil få tilbod om naudsynt opplæring og rettleiing av barneverntenesta. Lønn etter avtale.
 

Me har også behov for fritidskontaktar og besøksheimar. Ta kontakt om det er noko du kunne tenke deg.

Kontaktperson: Anja Brekke Moldvær

                            Barnevernleiar

                           Tlf 908 84 863

                            anja.moldvaer@aurland.kommune.no