Ein feil hjå Telenor fører til problem med å kontakta 110, 112 og 113. Feilen gjer at oppkopling går tregt. Dette gjeld også sentralbordnummeret til kommunen og telefonnummera til legekontora i kommunen. Også legevaktnummeret 116 117 er råka.
 
Folk som ringjer, opplever at det er stille på linja, men må halda linja sjølv om det ikkje er ringjetone. Det kan ta alt frå 2-40 sekund å få svar. Viss dette ikkje fungerer, kan du ringa telefonnummera under. Det er viktig at desse telefonnummera berre bli nytta i naudstilfelle slik situasjonen er i skrivande stund.
 
  • Vest politidistrikt: 55 55 60 42 og 55 55 63 00
  • 110 Vest (brann og ulukker): 916 52 384, 916 52 385, og 916 52 386.

Dersom du ikkje får tak i naudetatane ved behov for akutt hjelp, kan du møta opp på næraste legekontor.

Sjå elles meir informasjon om saka på NRK sine nettsider ved å klikka på denne lenkja.