Dersom du vert teken for å ha, eller brukt mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, kan du måtte møta av den kommunale eininga for russaker. Det er påtalemyndigheita som avgjer om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot.
Ved oppmøte vil den einskilde få tilpassa informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring bruk av rusmidlar og om kva hjelpetilbod som finst, samt få tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging.
Vilkåret om møte hjå rådgjevande eining er oppfylt når vedkommande har møtt opp til samtale ein gong. Oppmøte skal være personleg, men kan unntaksvis i særskilte tilfelle, gjennomførast digitalt, til dømes der det er lange avstandar.
Rådgjevande eining for russaker er oppretta for å gje informasjon, råd og rettleiing til personar som er pålagt møteplikt jf. lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 3- 9 b.
Handsaming av personopplysningar
Registrering av oppmøte og eventuelt testresultat er personsensitive opplysningar, og vert lagra i samsvar med dei krava som gjeld.
Kontaktpersonar i Aurland, Lærdal og Årdal:
Aurland: Ruskonsulent May Britt Martinsen
- Telefon: 959 84 654.
- E-post: radgjevande.eining@aurland.kommune.no
- Adresse: Fjordsenteret, 2. etasje, Onstadvegen 25, 5745 Aurland
Lærdal: Fagleiar psykisk helse og rus Janne Elen Natvik
- Telefon: 404 39 678.
- E-post: janne.elen.natvik@laerdal.kommune.no
- Adresse: Øyraplassen 8, 6887 Lærdal
Årdal: Fagleiar rus Silje Berge
- Telefon: 412 86 664.
- E-post: radgjevande.eining@ardal.kommune.no
- Adresse: Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen