I 2023 er det tusen år sidan Olav Haraldsson, seinare Olav den heilage, vandra gjennom Lærdal på veg frå Voss til Valdres for å kristna valdrisane. 

Her i Lærdal har vi både segner og naturformasjonar som er direkte knytt til denne ferda, så vi har eit svært godt utgangspunkt for å feira denne viktige ferda gjennom dalen vår for tusen år sidan.

Olav den heilage satte igjen fleire spor etter seg i Lærdal. Dei mest kjende er trollet Jutlamannen og Olavsklemma i Galdane.

Jubileet i Lærdal er vedteke av kommunestyret, og er ein del av nasjonaljubileet Norge i 1000 år.

Les meir om jubileet i Lærdal ved å klikka her.

Desse arrangementa skjer no i første halvdel av mai:

Onsdag 7. juni, Lærdal folkebibliotek, kl. 18.00

Føredrag: Då Noreg vart Noreg, ved Pål Berg Svenungsen, Førsteamanuensis i historie, ved Høgskolen på Vestlandet

Kvifor vart Noreg samla til eitt rike, og føregjekk prosessen eigentleg slik Snorre Sturlason og dei andre sagaforfattarane fortel? Viss ikkje, korleis og kvifor vart Noreg samla til eit rike? Dette føredraget ser nærare på rikssamlingsprosessen i Noreg i vikingtid og tidleg mellomalder, der nokre stikkord er vikingferder, kristendom og geografi.

Torsdag 8. juni, Borgund stavkyrkje kl. 19.00 og 20.30

Konsert: Stavkyrkjesong og overrekking av Olavsflammen i Lærdal

 
I tillegg blir det overrekking av Olavsflammen utanfor Borgund stavkyrkje klokka 20 denne dagen; her får me ein avleggjar av Olavsflammen frå Valdres. Ordførar Audun Mo tek i mot flammen og det blir litt kulturelt program rundt dette. Les meir om Olavsflammen ved å klikka her.
 

Laurdag 10. juni, Hauge kyrkje, kl. 14.00

Konsert: Stavkyrkjesong