Dei aller fleste hytter ligg langt frå næraste brannstasjon. Det er same krav til branntryggleik i fritidsbustadar som din private heim.
Hugs:
- Sjekk røykvarslarane. Dei reddar liv!
- Sjekk og kontroller brannsløkkingsapparatet.
- Skorstein og eldstad. Sjekk at pipa er fri for hindringar, som snø.
- Sørg for at rømmingsvegar er lette å bruke, fjern snø frå vindauge.
Slik fyrer du riktig i eldstaden:
- Bruk tørr ved og god trekk til det har blitt skikkelig fyr
- Reguler trekken slik at det brenner med rolige flammer
- Legg på litt og litt ved for å fyre jamt
- Bruk aldri tennvæske, bensin eller andre brennbare væsker
- Ikkje fyr med søppel
Ved bruk av gass:
- Kontroller slangar og koplingar for lekkasje.
- Bruk gassvarslar.