Lærdal kommune ynskjer å bidra til at fleire verksemder og større arrangement tek steget og vert miljøsertifisert. Verksemder som ynskjer å bli sertifisert kan søkje om tilskot på 20 000 kr.
Lærdal kommune har utarbeida kommunedelplan for klima, energi og miljø der eit mål om at minst 30 verksemder og arrangement i Lærdal skal miljøsertifiserast innan 2030. Kommunen ynskjer difor å stimulere til at fleire verksemder vert miljøsertifisert innafor annerkjende ordningar som Miljøfyrtårm, ISO-14001, Greenkey og EMAS.
Tilskotet vert utbetalt når sertifiseringa er gjennomført.
Søknaden kan senast til post@laerdal.kommune.no og merkast «Tilskot til miljøsertifisering».
Spørsmål knytt til ordninga kan rettast til næringsrådgjevar Ingeborg Lysne, epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no, mobil 90 27 47 82