Sommarstengt og reduserte opningstider
Lærdal folkebibliotek held stengt i sommarferien frå 27. juni - 8. august. Siste opningsdag før ferien vert 23. juni.
I neste veke vert det noko reduserte opningstider:
Måndag: kl. 15-19
Tysdag: kl. 11-15
Onsdag: kl. 15-19
Torsdag: kl. 11-15
Boksal under marknaden
Under Lærdalsmarknaden og i heile juli vert det boksal med brukte bøker frå biblioteket i andre etasje i Telegrafen.
Her vert det posesal for 20 kr posen og du kan gjere mange gode kupp.
Husk også at det går an å bytte bøker i Lesekiosken utanfor Telegrafen og at du heile året kan låne e-bøker og e-lydbøker i appen BookBites. I tillegg er det mogeleg å låne bøker frå biblioteket på Borgundsbui og du har heile døgnet tilgang til biblioteket sine digitale tenester på nettsida til Lærdal kommune.