Planlegginga er godt i gang, og heile prosjekttida for ombygging av skulebygget til felles oppvekstsenter vil truleg ta 2 til 3 år før både barnehagedelen og skuledelen er ferdig stilte. Av den grunn er det planlagt etablering av modular i tilknyting til eksisterande barnehage for at tilsette og barnehageborna skal ha akseptable forhold i byggetida. Det er særleg garderobeforholda og god nok plass til personalet som er vektlagt i den mellombelse løysinga.
Kommunestyret vedtok som eit tilleggspunkt igangsetting av planarbeidet for ombygging av Lærdalsøyri skule, og har satt ein frist for arbeidet med forstudie til seinast 1. januar 2024.
Vedtak i saka:
Kommunestyret vedtek ombygging av Borgund skule til felles oppvekstsenter med samlokalisering av skulen og barnehagen, jfr vedlagte skisse og teikningar. Totalkostnadane for investeringa skal innarbeidast i komande budsjettår og i økonomiplanperioden.
Det vert sett i gang planlegging av ombygging av Lærdalsøyri skule. Tilsette og brukarar skal involverast i prosessen.
Forstudien skal ferdigstillast innan 01.01.2024.