Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte. Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av dei høge straumprisane. No kan du søka om støtte for perioden oktober-desember 2022.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drevet av frivillig arbeidsinnsats.
Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknader frå frivillige lag og organisasjonar.
For meir informasjon om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke, kan du lese meir på Lotteri- og stiftelsetilsynet si nettside.