Kommunen fekk tidlegare i år tilsegn om midlar frå NVE til kartlegginga, og har engasjert Sweco AS til å gjennomføre oppdraget med å kartlegge kritiske punkt, vurdere farepotensiale for bustadhus og viktig infrastruktur spesielt, og prioritere moglege sikringstiltak. Kartlegginga er ikkje full faresonekartlegging for bustadar i kommunen, men vert eit viktig vurderingsgrunnlag for arealplanlegging framover og for prioritering av tiltak.
Sweco skal denne veka gjennomføre kartlegging ute i feltet, og det vil difor vere personar som går ute i terrenget og langs bekkar og vassdrag for å kartlegge situasjonen i elvane/bekkane. Dersom det er spørsmål til kartlegginga, ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne (tlf. 90516686).
Les gjerne meir om kartlegginga her: Tilskudd til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag - NVE
Synfaring langs bekkar og elvar i heile kommunen denne veka
Lærdal kommune har fått tilskot frå NVE til å gjennomføre kartlegging av kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag i heile kommunen. Denne veka kjem det folk på synfaring i terrenget for å kartlegge situasjonen nærare.