Etter gjennomført anbodskonkurranse no i haust, er det Voll Lunde maskin AS, som har fått tildelt kontraktsarbeida for fase 2.
Kontraktsarbeidet består i hovudsak av:
- Det skal setje opp nytt flettverksgjerde mellom skuleplassen og skulevegen, og rundt deler av barnehagen.
- Det skal etablerast ny gangveg gjennom parken mellom Skulevegen og Einemo
- Eksisterande fortau skal justerast, og nye fortau vert etablert ved barnehagen.
- Det skal etablerast nye gangfelt og fartsdemparar i skulevegen, og fartsdemparar Barnehagegata og Einemo
- Deler av Skulevegen vert reasfaltert fram forbi barnehagen.
Arbeidet skal byrje denne veka, og skal vere ferdig i god tid innan utgangen av året.
Tryggleik i fokus!
I skulevegen er det som kjent 30 sone, samt nokre fartsdemparar. Arbeida vert skilta og avstengingar oppsett der det er praktisk mogeleg i periodar. Deler av arbeidet vert å gjennomføre på kveldstid, og/ eller når det er mindre aktivitet i barnehagen. Dette for å gjere det tryggare for alle, og for at støyande arbeide vert utført utanom opningstida i barnehagen. Me oppmodar alle om å vise aktsemd i tida som arbeida pågår!
Ta gjerne kontakt om det er noko som er uklårt eller de har spørsmål.
Kontaktpersonar:
Voll Lunde Maskin AS v/ Ola Inge Voll Lunde; telefon nummer 97 08 23 26
Teknisk eining v/ Harald Stadheim 97 52 69 98