NVE varslar om stor fare for flaum og jordskred som følgje av store nedbørsmengde frå måndag ettermiddag og utover heile tysdagen.
Varselet er ein del av ekstremveret Hans som kjem frå aust. Det er i hovudsak oransje varsel i høve svært mykje regn og fare for jord- og flaumskred i Indre Sogn, og gult varsel for flaum. Så er det sendt ut raudt varsel for området Austafjells, og her ligg Lærdal kommune akkurat i skjeringspunktet for det raude varselet om jord- og flaumskred.
Ein kan lesa dei ulike varsla som gjeld for vårt område ved å klikka seg inn på yr.no her - her står også dei ulike anbefalingane om korleis ein bør forhalda seg. Lærdal kommune ber i denne samanheng grunneigarar gå over sine eigedomar og sjekke at stikkrenner og bekkar er fri for kvister, lauv og anna som hindrar at vatnet får renna fritt.
Ein kan også lesa varsom.no sin artikkel om ekstremvêret Hans her.
Kommunen vil følgje situasjonen nøye, og om naudsynt setja i verk tiltak. Slike tiltak og eventuelle hendingar vil bli informert om her på Lærdal kommune si nettside.
Dersom du har meldingar til Lærdal kommune om observasjonar eller hendingar som kan vera nyttige for oss å vita om, ta kontakt på teknisk vakttelefon: 970 57 480.