Teknisk eining i Lærdal kommune melder at entreprenør har kome så langt med ryddearbeidet etter rasa som gjekk tysdag at det blir opning klokka 21 torsdag kveld. Då blir det ope mellom Lærdalsøyri og Erdal - ikkje vidare mot Vindedalen. Denne strekninga skal kommunen sjå nærare på fredag, og oppdatert info på status der kjem før helga.
Bilistar som køyrer på fylkesvegen mot Erdal må vera budde på at det er redusert framkome dei komande dagane. Dette fordi det vil gå føre seg arbeid med vegen sjølv om den er opna att.
Når det gjeld vegen inn Raasdalen frå Mo mot skytebana i Øyri og Lærdal statsalmenning er den framleis stengt på ubestemt tid - vonleg kjem det nærare info om status før helga.