Onsdag 14. juni klokka 12 skal Nødvarsel på mobil testast ut mot publikum i stor skala. Samstundes blir Sivilforsvaret sine tyfonar testa. DSB og Politiet ber no folk førebu seg på denne omfattande varslingsprøven.

Varslingsprøven 14. juni blir gjort over heile landet, altså rundt klokka 12. Då sender politiet ut test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret testar tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". Det tyder at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ular.

– Varslingsprøven vil kunne merkast godt denne gongen, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samstundes. Snakk gjerne med dine næraste - born, eldre og andre rundt deg på førehand, slik at flest mogleg er budde og veit at dette berre er ein test, oppmodar Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Les meir om varslingsprøven på DSB sine nettsider ved å klikka her.