Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i Lærdal vera med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med born frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn.
Målet med kampanjen er å motivera borna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Slik fungerer dette:
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Borna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles.no er for born i 1. - 7. klasse og varar fra 1. juni til 31. august.
- Borna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan borna også gjera seg fortente til digitale trofé - og dei får kule premiar som kan hentast på biblioteket viss dei får nok poeng; premiar som til dømes jojo og smykke.
Sommarles er sommarens høgdepunkt som vert avslutta med ein Sommarlesfest på Lærdal kulturhus tysdag 5. september. Meir informasjon om festen kjem i august.
Sommarles.no gjer det gøy å lesa!