Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Aktuelt

Nedetid på postliste, skjemamottak og politiske saker

Grunna oppgradering av sakshandsamingssystemet vårt, vil desse løysingane vere ute av drift og utilgjengeleg i perioden fredag 10. juni til og med tysdag 14. juni:

•    skjemamottak
•    postlista
•    politiske saker
•    møteportal for politikarane

Saker med kort svarfrist ber me om at de sender oss på epost til post@laerdal.kommune.no

Det vil i denne perioden ta noko lenger tid å handsama innsynskrav.

Kommunevåpen

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1.september

 

momskompensasjon_nettside (002)

TRYGG I VANN 2022

I dag, tysdag 24.mai har elevane på 8. og 9.steg vore so heldige å få vere med på Redningsselskapet (RS) sitt prosjekt «Trygg i vann». Dette er eit meistrings -og drukningsførebyggande opplegg. Dette er andre året ungdomsskuleklassar i Lærdal har delteke på opplegget.

 

IMG_3345

Kommuneplanen sin arealdel til offentleg ettersyn

Lærdal kommune har i lengre tid jobba med å få laga ny kommuneplan - arealdel for kommunen, og har fått hjelp av Norconsult til å utarbeide plandokumenta og gjennomføre konsekvensutgreiing knytt til endringane i arealføremål. Formannskapet har no vedteke å leggja framlegg til ny arealdel ut til offentleg ettersyn og høyring.

Plankart

Kommunestyret vedtok revidert handlingsplan for Trafikktryggleik

Kommunestyret vedtok Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2018-2021 i september 2018, og reviderte handlingsplanen i 2019 og 2020. Handlingsplanen skal reviderast kvart år for å kunne leggjast til grunn i søknadar om trafikktryggleiksmidlar og for å forankre innspel og budsjett i økonomiplanarbeidet.

Trafikktryggleik_bilete