- Eg trivst godt, det er mykje hyggjelege folk i kommunen og eg har vorte teke vel i mot.
Eirik Sønnerheim er fagskuleingeniør frå Bergen tekniske fagskule og har også fagbrev som tømrar. 22.mai starta han som ingeniør i Lærdal kommune etter å tidlegare ha jobba som prosjekt- og byggjeleiar i Øverbygg.
- Me har mange spennande prosjekt framover, som har innverknad på lokalsamfunnet. Mellom anna byggjeprosjekta på Lærdalsøyri skule og Borgund oppvekstsenter, det skal gjerast reasfaltering av kommunale vegar, me jobbar med trafikksikringstiltak og ENØK-tiltak.
Friluftsinteressert
Ein kommune eig og driftar mange bygningar, og ein del relativt gamal bygningsmasse, så også på den fronten blir det ein heil del å ta tak i.
- Det er eit ganske stort vedlikehaldsbehov framover. I tillegg er kommunen Miljøfyrtårn, som jo er i vinden og viktig – og så må me følgja det opp.
Sønnerheim bur altså i Flåm og har sambuar og to born i barnehagealder. På fritida går det mykje i friluftslivsaktivitetar.
- Eg jaktar no, så store deler av hausten går med til det. Og så fiskar eg ein del og prøver å dra ungane med på dei aktivitetane. I tillegg er eg aktiv i skyttarlaget. Då er det ikkje så mykje tid att.