- Me har bytt ut sanden på sandvolleyballbana, reinska det som låg i grunnen og kjøpt inn nytt nett som kjem opp snart. Så har me sett opp levegger rundt klatreparken for å hindra at flisen skal spreia seg, fortel ingeniør på teknisk i Lærdal kommune, Eirik Sønnerheim.
Dermed skal sandvolleyballbana vera vesentleg betre å spela på.
- Det var lite og dårleg sand - og mykje diverse i sanden før me bytte ut denne. No er det nesten 15 centimeter meir sand i høgda.
Det er også rydda litt skog og greiner rundt aktivitetsområdet, og elles gjort mindre tiltak. Så har ballbingen fått nye nett i måla.
- Tiltaka er gjort opp mot skulestart, forklarar Sønnerheim.
Tidlegare i sommar vart det bytt dekke på kunstgrasbana på Lærdal stadion så dekket her no er grønare, meir miljøvenleg og skal vera betre å spela på. Det har også kome nye nett i måla.