- Blant anna skal sjølve kunstgraset og dei gamle lysanlegget skiftast ut. I tillegg skal teknisk eining leggja inn nytt vatn i klubbhuset, slik at anlegget kan nyttast fullt ut heile året, fortel tenesteleiar ved teknisk eining, Harald Stadheim.

Arbeidet med utskifting av kunstgraset startar allereie 3. juli og blir pågåande i veke 27 og 28, og kanskje litt av veke 29. Bana vert då heilt stengt i inntil tre veker, og av tryggleiksmessige årsaker vert området definert som anleggsområde. 

- Alle fotballaktivitet kan likevel skje på grasbana i denne perioden. Då framdrifta med utskiftinga av kunstgraset er avhengig av opphaldsvêr, kan ferdigstillinga av arbeidet dra noko ut i tid. Bana vert heilt stengt i denne perioden, forklarar Stadheim.

Anleggsområde

I anleggsperioden er det mykje som skal fraktast ut med store bilar og vogntog, og det er mykje som skal fraktast inn og leggast ut på bana.  I tillegg til at bana er stengt, vil entreprenøren etablera riggområde på austsida av bana - den asfalterte vegen mellom Skulevegen og klubbhuset. Parkeringsplassen  mellom skulevegen og barnehagen vil også verta nytta. 

- I tillegg vert området mot småskulen stengt av i periodar. Området her er å definera som anleggsområde i veke 27 og 28. Nærare plan for tryggleik gjennom anleggstida, vert utarbeidd og gjennomgått i samhandling med kunstgrasentreprenøren, seier Stadheim.

- Me gler oss!

Etter sommarferien vil så arbeidet med nye lysanlegg til kunstgrasbana, og framføring av nytt vatn til klubbhuset starta opp. Her er det enno ein anbodsprosess, og framdriftsplan for dette er ikkje bestemt endå. Mest truleg vert desse aktivitetane gjennomført i september månad.

- Me håpar at alle tek naudsynt omsyn til arbeida, og at det ikkje vil føre med seg for stor ulempe for nokon. Idrettslaget og fotballgruppa har allereie informert ut til trenarar og oppmenn.

- Planen er at når hausten kjem, har kommunen fått på plass eit nytt og flott Lærdal stadion til glede for alle fotballaktive born, ungdommar og vaksne i Lærdal. Me gler oss! avsluttar Stadheim. 

For spørsmål kring oppgraderinga, så ta kontakt med teknisk eining.