- Bruk berre godkjente elektrikarar når det skal gjerast arbeid på elektriske anlegg, påpeikar branninspektør i Årdal og Lærdal, Svein Ove Åmås.

Eit reelt eksempel på brannfare i privatbustad etter nokon som hadde prøvd seg som hobbyelektrikar:

Ved utskifting av taklampe, så kom gamle synder fram. Det viste seg at det å vera hobbyelektrikar løner seg ikkje, for det var berre flaks at det ikkje har vorte brann. Spor etter mykje varmgang i koplingsboks, teipa ledningar som er sprøe og spor etter varmgang i dei, gjorde at det vart mykje å rydda opp i på dette takpunktet, rapporterer branninspektøren.

Sjå Brannsikkerheit i elektriske anlegg på Brannvernforeningen si nettside ved å klikka her.