- Læraren lagar kanskje skulemat til dette barnet dag etter dag, veke etter veke - kanskje kvar dag i fire år småskulen gjennom. Det er jo beste meining, men det kan vera at dette barnet treng å bli sett på ein annan måte.
Slik eksemplifiserer Camilla Grøttebø, rådgjevar oppvekst og kultur, kvifor det er så viktig med eit system som gjer at slike forhold blir fanga opp. Det vil seia – eksempelet kom frå Aurland og Lærdal barnevern.
- Så har eg tenkt mykje på det etter at eg høyrde det. For det er dette BTI skal hjelpa til med.
Kick off
BTI står for «Betre tverrfagleg innsats» og er ein modell som alle som jobbar med barn og unge i Lærdal kommune skal forholda seg til framover. Essensen i modellen er at viss ein tilsett blir bekymra for eit barn, skal noko gjerast.
- Den som har ei bekymring skal eiga den og ta initiativ, seier Grøttebø vidare.
I midten av august, nokre dagar før skulestart, var det kick off for BTI. Denne modellen har no si eiga nettside, slik at alle kan sjå korleis modellen fungerer og skal nyttast.
Nettsida er også for innbyggjarane. Det er eigne informasjonssider til vaksne, barn og unge om korleis dei skal gå fram om dei er bekymra for nokon, eller treng hjelp sjølve.
Nettsida heiter tettpålærdal.no, og du kjem til den ved å klikka på denne lenkja.
Under kick offen var kultursalen i Lærdal var fylt med kommunetilsette som jobbar med born – ikkje berre i oppvekstsesektoren, men også til dømes helsesektoren og kultursektoren.
Apropos sektorar – det er nettopp det som ikkje skal bety noko, kva sektor ein jobbar i.
- BTI er ingenting utan folka. BTI hjelp oss med framdrifta, men ikkje tiltaka. Og det er generelt alt for mykje venting, seier Beate Gauden frå RVTS (Ressurssenter mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) Vest.
- Gråtande foreldre og stressa barn
Poenget er altså tidleg innsats – ser nokon som jobbar med born at noko skurrar, skal vedkomande ta tak kjapt og kopla på andre fagpersonar. BTI-modellen fortel kva den tilsette skal gjera i den fasen og korleis framdrifta skal vera vidare, steg for steg.
- Nesten kvar veke treff eg skular som slit med tverrfaglegheit rundt traumatiserte barn. I Noreg er det ungdom som tek livet sitt på grunn av mobbing. Me har BTI for å redda liv. Så brutalt enkelt er det for meg, seier Gauden vidare, og legg til:
- Eg legg ikkje noko imellom – for eg har møtt så mange gråtande foreldre og stressa barn som føler at dei ikkje passar inn.
Ho hadde fleire eksempel på barn som har fått det betre, eller som rett og slett har vorte redda, av eit godt system og gode støttepersonar. Men nemnde også tilfelle der systemet ikkje fungerer – anten fordi det har svakheiter i seg sjølv, eller at systemet ikkje blir fulgt av dei som skal følgja det, hovudsakleg kommunalt tilsette.
- Me må ikkje tenkja at barnet skal passa inn i systemet, det er systemet som skal tilpassast barnet sitt liv. Det er ingen like familiar eller barn.
Senka terskel
Gauden la vekt på at relasjonsbygging alltid er nøkkelen og at å skreddarsy hjelp til kvar familie er profesjonell hjelp anno 2024. Og då må det samhandling til mellom desse ulike sektorane.
- Samhandling tyder at du ikkje er åleine, og samstundes at du ikkje skyv ansvar over på andre. "It takes
Eit anna gjennomgåande moment under kick off-en var at det kan verka «skummelt» å ta initiativ til hjelp, og at viktig hjelp då ikkje kjem i gang. Til dømes blir Barnevernet gjerne sett på som ein frykta instans av spesielt foreldre, sjølv om Barnevernet i dei aller fleste saker kjem med hjelpetiltak til familiar, verken meir eller mindre.
- Mange har nok høg terskel for å melda frå til Barnevernet fordi dei er redde for relasjonsbrot og sinte foreldre, seier rådgjevar Grøttebø.
- Meir krevjande
Første bod for at BTI-modellen skal fungera, er nettopp å senkja terskelen for å melda frå og/eller gje hjelp – om det er via Barnevernet eller andre instansar – og at foreldre tek i mot hjelp.
- Samfunnet endrar seg, og borna våre endrar seg. Det er meir krevjande å vera både forelder og lærar, seier Grøttebø.
Ho fortalde også at det var ei kartlegging Lærdal kommune gjorde for nokre år sidan som viste behovet for å vera tettare på barn og unge. Dermed vart Silje Eidsgaard Langehaug tilsett som prosjektleiar, og kommunen fekk ein million kroner i tilskotsmidlar.
Når BTI no er lansert ligg systemet klart, no gjeld det «berre» at alle brukar det.
- Det er aldri snakk om vanskelege barn, men barn som har det vanskeleg, seier Gauden.