- Dette skal vera ei høgtidsstund, innleia ordførar Audun Mo då representantar frå Trygg Trafikk var på besøk i Lærdal torsdag 23. november.
Å bli trafikksikker kommune inneber at ein oppfyller kriterier som tek utgangspunkt i lover og forskrifter innan trafikktryggleik som ein kommune er pålagt å følgja. Når Trygg Trafikk var i Lærdal i slutten av november for å avvikla eit sokalla godkjenningsmøte var det for å nettopp godkjenna Lærdal som trafikksikker kommune, som den 173. kommunen i landet og den 14. i Vestland fylke.
- Me ser litt av kvart, men dette var veldig, veldig bra, sa Harald Heieraas, fagsjef Trafikksikker kommune i Trygg trafikk.
Fekk bevis
For skal ein kommune bli godkjent må ein heil del dokumentasjon på plass, og her var det altså lovord frå fagsjefen.
Han forklarde at det å bli trafikksikker kommune ikkje berre handlar om rutinar som går direkte på sjølve vegane, skilting, strøing og så vidare – men til dømes også skulane og barnehagane gjev trafikkopplæring etter lovverket.
Les meir om ordninga og kriteriane ved å klikka her.
- Til dømes har barnehagane vore ein kjemperessurs i høve trafikktryggleik og førebyggjande arbeid i alle år, utan at det har vore synleggjort. Slik synleggjering er noko av poenget med ordninga, sa Heieraas.
Godkjenningsmøtet som fann stad i kommunestyresalen innebar mellom anna at Trygg trafikk overrakte sjølve beviset for at Lærdal er vorten trafikksikker kommune – «skilt» med påskrifta «Trafikksikker kommune, «Trafikksikker barnehage og «Trafikksikker skule». Heieraas og kollega Audun Heggestad delte også ut diverse trafikktryggjande remedier, som refleksband til barnehagane.
- Så vil ein alltid møta innbyggjarar som hevdar at ting manglar, sa Heieraas, og påpeikte vidare at det å vera Trafikksikker kommune viser at ein har rutinar etter lovverket og at desse er systematiserte og dokumenterte.
Vidare streka han under at ein Trafikksikker kommune må regodkjennast etter tre år – då blir det undersøkt om det trafikktryygjande arbeidet blir fulgt opp som det skal.
- Eg må først og fremst retta ein stor takk til alle i Lærdal kommune som har bidrege i arbeidet, sa ordførar Mo avslutningsvis.