-Det har over tid vore gjort forsøk på å få til møte med ministaren. Me er svært godt nøgde med at han endeleg tok seg tid til å treffa oss, seier ordførar i Hemsedal og leiar i ordførarkollegiet Pål Rørby.

Ministaren kunne stadfesta at Stortingsvedtaket av juni 2024, om reetablering av villreinen i Nordfjella sone I, ligg til grunn for ei snarleg avgjerd om prosess for reetableringa.

- No har me venta lenge nok

- Ordførarkollegiet formidla til ministaren, at me forventar eit snarleg vedtak. No har me venta lenge nok, og me meiner det no må vera klart for å ta ei avgjerd. Ministaren lova oss svar innan nokre få veker, seier Rørby. Stortingsvedtaket gjev ei klar bestilling til Regjeringa. Smittenivået er på eit akseptabelt nivå med 98% sikkerheit for at det ikkje er CWD-smitte i sone II. Me meiner det difor kan leggast til rette for reetablering i 2025.

- Ministaren lytta til våre innspel der me mellom anna ynskjer å fjerna sperregjerdet mellom sone I og sone II, avslutte tiltak som stoppar villreinen i å trekke inn i sone I og få på plass den planlagde reetableringsgruppa snarast.

Me ser no fram til eit vedtak som er i tråd med eit samla lokalt engasjement frå dei 6 kommunane i Nordfjella, Nordfjellarådet, villreinnemnd, villreinutval og fylkestinga i Buskerud og i Vestland.