102 brannrelaterte utrykkingar på fem år - sjekk røykvarslaren
Jul og førjulstid er høgsesong for bustadbrannar, og røykvarslaren reddar liv.
– Røykvarslardagen 1.desember er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Det viktigaste du kan gjera for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er laten att, påpeiker Svein Ove Åmås, branninspektør.
I Årdal og Lærdal har det dei siste fem åra vore 102 utrykkingar til brannrelaterte hendingar.
På fredag 1.desember kan du får møta to av brannvesenet sine lærlingar på Kiwi i Lærdal. Dei kan gi råd om riktig fyring, piper og eldstadar.På Årdalsenteret står branninspektør saman med lokalt el-tilsyn og gir råd om brannvernrutinar og sikkerheit.
Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige. På nettsidene www.roykvarslerdagen.no og www.sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
I veke 49, måndag 4.desember – fredag 8.desember kjem brannvesenet til å gå kontroll i bustadar for å gi råd om røykvarslar, sløkkjemiddel, rømningsvegar og brannsikkerheit. Alt personell i brannvesenet er uniformert og går med ID kort. Dei kjem på besøk på dagtid mellom klokka 10.00 og 14.00 desse dagane.