Det seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) i ein artikkel på direktoratet sine nettsider om eigenberedskapsveka.
I ei fersk undersøkjing oppgjev 41 prosent av dei spurde at dei har opplagra drikkevatn i fall springen blir forureina eller avstengt. Det er dobbelt så mange som for fire år sidan.
– Dette er gode tal! Mange har styrkja sin eigenberedskap dei siste åra. I fjor såg me at krigen i Ukraina bidrog til at fleire tok DSB sine eigenberedskapsråd på alvor, seier Aarsæther.
Denne veka, frå 30. oktober til 5. november, arrangerer DSB Eigenberedskapsveka 2023. Då vil kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet informera folk om eigenberedskap.
Beredskapsråd og øvingar finst på sikkerhverdag.no. Øvingane kan gjennomførast på mobiltelefon og tek ikkje lang tid.
– Føremålet med eigenberedskapsveka er å bidra til at befolkninga – og dermed Noreg – er betre budd ved kriser og uføresette hendingar, seier Aarsæther.