- Riktig bruk av ein god sykkelhjelm er det beste du kan gjera for å ta vare på deg sjølv når du syklar. Ein god sykkelhjelm er både lett å finna og lett å halda i god stand – og held deg verna mot den vanlegaste og mest alvorlege sykkelskaden.
- Opp mot 80 prosent av alvorlege skadar syklistar opplever skuldast smell og støyt mot hovudet. Bruk av sykkelhjelm er dermed det beste vernet du har som syklist.
- I ei undersøkjing gjennomført av YouGov for Trygg Trafikk opplyser 34 % at dei sjeldan eller aldri brukar hjelm.
Meir god og nyttig informasjon om sykkelhjelm og bruk av hjelm finn du på Trygg Trafikk ved å klikka på denne lenkja.