Aktuelt om næring
Frukostmøte for næringslivet i Lærdal 18. mai
Kva behov for kompetanse har di verksemd i framtida? Og korleis får me til eit godt samspel mellom næringsliv og dei som er i eit utdanningsløp?
Lurer du på korleis ein går fram for å starte eiga verksemd?
Vestland fylkeskommune startar opp igjen med gratis etablererprogram for gründerar. Første kurs startar opp 15. januar, og det er framleis ledige plassar. Grunna situasjonen er kurset digitalt.
Lærdal – midt i smørauget
Lærdal ligg midt mellom Oslo og Bergen og har til alle tider vore eit nasjonalt knutepunkt. Heilt sidan menneska byrja å vandre i dette landet, har ei hovudferdsle mellom aust og vest gått gjennom Lærdal. Slik ligg Lærdal strategisk til for å etablera bedrifter i mange bransjar.