Varsel om planoppstart for Røyrnes rasteplass
Kommunestyret i Lærdal har vedteke oppstart av detaljreguleringsplan for Røyrnes rasteplass. Det vert her varsla om oppstart av planarbeidet, og alle kan koma med innspel.
Kommunestyret i Lærdal har vedteke oppstart av detaljreguleringsplan for Røyrnes rasteplass. Det vert her varsla om oppstart av planarbeidet, og alle kan koma med innspel.
Statens Vegvesen ved avdeling for Transport og samfunn er i gang med å utgreie verknadene ved ulike stengingsalternativ i samband med oppgradering av Lærdalstunnelen, og dei ønskjer medverknad for å skape ein oversikt over verknadane, og forslag til avbøtande tiltak. Føremålet med utgreiinga er å gje eit best mogleg grunnlag for å velje strategi for gjennomføring av oppgraderinga. Statens vegvesen har teke kontakt med Lærdal kommune, og bedt om innspel for ulike tema frå kommunen. Kommunen ber no alle som har innspel til stenging av Lærdalstunnelen om å senda desse inn til oss, så vil kommunen gjennomføre ei samla vurdering av konsekvensar for samfunnet vårt som vert sendt til Statens vegvesen.
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.
Fristen for å søke på ordninga er 16. Februar 2023 , klokka 13.00.
Lærdal kommune sine gjeldande satsar og gebyr for 2024.
Som følgje av høge straumprisar vart det sett av ei ramme på 3 mill kr. retta mot næringslivet i Lærdal. Delar av ramma vart fordelt av formannskapet i møte 11.11.2022. Kommunestyret vedtok i møte 14.12.2022 å lyse ut resten av løyvinga til eingongsstøtteordning for straum til næringslivet i perioden f.o.m. april 2022 t.o.m. september 2022. Føremålet med ordninga er å lette på situasjonen for næringslivet som er i ei utfordrande tid grunna auka utgifter på fleire områder.
Årets julebrev til venskapskommunen vår Jeriko
Elevar som skal søka vidaregåande skule kan sjølv bestille MinID.
Sterk og stødig tek juleferie. Fyrste trening i 2023 vert onsdag 4.januar klokka 12.00.