Politiske møter i veke 16
Oversikt over politiske møter 19. - 20. - 21. april 2022
Oversikt over politiske møter 19. - 20. - 21. april 2022
Lars Grenager (49) er tilsett som ny økonomisjef i Lærdal kommune
Smittetal og dei sjølvrapporterte tala er no nede i under 10 denne veka.
Deler av vegbana har berre ei køyrebane.
Teknisk eining
Krigen i Ukraina har aktualisert dette ved brann i eit atomkraftverk i samband med kamphandlingar.
Noreg har gode varslingssystem ved fare for radioaktivt nedfall.
Difor kan vi i tide få gjort dei naudsynte førebuande tiltak.
Onsdag var det ryddeaksjon i Lærdal, og mykje bos vart samla inn. Takk til alle som deltok på aksjonen for å halda Lærdal rein og ryddig! Sidan containaren ikkje er full, vert den ståande ved skyttarhuset/klubbhuset ved skøytebana til etter påske. Dersom det er nokon som ynskjer å rydde meir i utmark, grøntareal eller friluftsområde i kommunen, kan ein hive boset i denne containaren.
Me understrekar at denne containaren ikkje skal nyttast til anna avfall, som privat avfall/inventar, rivemateriale eller anna avfall frå hushaldning eller verksemd.
Miljøstasjonen er open som vanleg i påska tysdag kl. 12-18, og hageavfallplassen i Bergo er alltid open for levering av kvist, tre og anna reint hageavfall.
Grunna datafeil ved Lærdal helsesenter kan nokon ha fått forsinka meldingar om blodprøvesvar eller andre meldingar frå legekontoret.
Feilen er no retta, men har du spørsmål kan du ta kontakt med helsesenteret på telefon 57669500
Det brenn i over 100 hytter og fritidsboligar kvart år i Norge.
Dei aller fleste ligg langt frå næraste brannstasjon. Det er same krav til branntryggleik i fritidsbolig som din private heim.
Det vert halde eit ekstraordinært formannskapsmøte torsdag 31.03.2022 for å handsame ei hastesak om busetjingar av flyktningar.
I samarbeid mellom Lærdal kommune og frivillige lag og organisasjonar vert det arrangert ein kollektiv ryddedugnad i Lærdal kommune, onsdag 6. april mellom 18:00 og 21:00. Dette etter mal frå kva som vart gjennomførd i 2018, 2019 og 2021.