Dette på grunn av meldingar om snø og frost, med ny vurdering tysdag 15. oktober klokka 12 om det skal opnast att, eller om det blir vinterstengt, skriv Vestland fylkeskommune i ein e-post.

Presis Vegdrift legg ned bommane på begge sider. Det blir framleis ope opp til Kvammadal frå Aurlandsida, og opp til Vardahaug bru frå Lærdalsida fram til 1. november.