Det blir ryddeaksjonar både på Lærdalsøyri, Ljøsne og Borgund - i regi av fleire lag og foreiningar og Lærdal kommune:

Lærdalsøyri: Her møter ein opp på klubbhuset til Lærdal idrettslag ved skeisebana mellom kl. 17 og 18 tysdag 22.april og får utdelt rode + ryddeutstyr (hanskar og sekker). 

Det blir servering av kaffi og søtt mellom klokka 19 og 21, når folk er ferdige å rydda og kjem attende med søppelsekkene - det blir ståande konteiner ved klubbhuset.

Ljøsne: Køyrer ryddeaksjon søndag 27. april med base på Ljosheim grendahus, start kl. 13 - då får ein utdelt roder, hanskar og sekker. 

Det blir kaffi, saft og sosialt - Ljosheim grendahus held dessutan dugnad både inn og ute samstundes, så her kan ein velja kva ein ønskjer å bidra med denne dagen. Ikkje nok med det - i Ljosheim skal det også vera bruktmarknad dagen før, laurdag 26. april - klikk på denne lenkja for å lesa meir om bruktmarknaden. 

Borgund: Her møter ein opp på kommunehuset frå kl. 17 tysdag 22.april og får utdelt rode + ryddeutstyr (hanskar og sekker). Avlevering av søppelsekker etter rydding same stad.