Onsdag 6. september var det skuleval på Lærdalsøyri skule, der elevane i 7. -10.klasse røysta. Resultatet vart slik:
SV – 71%
AP – 15%
H – 8%
SP – 6%
I framkant av skulevalet var det debatt på skulen mellom ordførarkandidatane - Audun Mo (Ap), Viktor Yttri (Sp), Frøydis Helland (H) og Sæmund Stokstad (SV). Det blir rapportert om rungande applaus då Stokstad sa SV ville jobba for leksefri skule, og dei var også for gratis varm mat i kantina.
Måndag 11. september er det altså kommunestyre- og fylkestingsval.